Urban Guffs + Ester&Astrid // MIR

torsdag 22. september kl. 19:00 - 23:00 på MIR

Torsdag 22.september
På Nordmøre, ein gong på 80-talet,
fantes ein liten klubb kalla Urban Guffs.
Med klubbhus, eit par trimma mopedar
og ein Tempo Villiers var dei bygdas skrekk.
40 år seinare er klubben tilbake
i form av ein Oslo-basert trio:
Martin S.Haukedal – gitar, vokal
Simen Wie – bass, synth, vokal
Frank Hannasvik – trommer, vokal
Eit urbant guffs er ei kjensle eller erfaring ein kan få
i møte med det urbane.
Da passar det bra å dele kvelden
med folkemusikkduoen Ester&Astrid!
Ester/Astrid er ein duo beståande av felespelarane
Ester Thundander (Malmö, Sverige) og Astrid Garmo (Lom, Noreg)
som byrja å spele i lag da dei studerte saman på Norges Musikkhøgskole i 2018.
Duoen utfordrer måten å arrangere og framføre tradisjonelle og nykomponerte slåtter på,
og serverer heftige og fyldige arrangement ved bruk av feler og hardingfeler.
Cafe MIR
Toftesgate 69, 0552 Oslo
Tid: dører 19:00, konsert 19:45
BILLETT
CC: 150,-/ 100,- (student)
KJØP HER-> https://checkout.ebillett.no/368/events/culture?ordre_nr=9