Stian Andersen

torsdag 26. mai kl. 20:00 på MIR

Stian Andersen tar med seg to av sine favorittmusikarar og speler nyskrive musikk for alle som ikkje drar på hytta i langhelga.
I eit forsøk på å gjøre noko anna og noko eige, har Stian tilknytta seg musikarar han ikkje har spelt med tidlegare. Bandet består av Martin Miguel Almagro Tonne (Pom Poko, KALLE), Axel Skalstad (Krokofant, Lars Horntveth, Insomniac bears). Sjølv er Stian kjent fra blant anna Harald Lassen Human Samling, Baker Hansen og Husmo HAV.
Musikken prøver så godt han kan å sømlaust blanda jazz med indie- og emoen Andersen vaks opp med. Går det an? Det er bare ein måte å finna det ut på!
Stian A. E. Andersen – vokal, bass
Martin M. A. Tonne – gitar, vokal
Axel Skalstad – trommer, synth, perk, vokal
cc: 150,-