Gn00r

søndag 22. august kl. 20:00 på MIR

Gn00r er eit mørksynt musikalsk konsept som utforskar menneskeleg og ikkje-menneskeleg musikk & ljod i røynda. Dei arbeidar i materiell og kroppsleg kontekst kryssa med materialet si eiga historie gjennom lyrisk og musikalsk improvisasjon til ettertanke.

Som eit akkompagnement til dommedagsklokka, som i 2020 blei satt til 100 sekund før midnatt, arbeider Hans Edward Hammonds og Fredrik Sele med svært spesifikke materialer, som subtilt vever det musikalske inn i ei større samanheng, som handlar vel så mykje om framtida som fortida til livet på jorda.
Dei arbeidar ut i frå forskning, erkjenning og filosofisk tenkning i tilnærming til det dei kallar å leve i det post-industrielle samfunnet sin terminalfase.
Ditt Indre lys
I all tid har menneska vore i drift mot diffuse mål, under vekslande instruks og insentiv. Under vekslande hegemoniske teleologiske og eller teologiske vrangforestillingar om verdas natur, snublar menneskeslekta fram i dei fragile maktstrukturane deira. Ein stad i ei vekslande rasjonell og irrasjonell topografi, går sivilisasjonane våre gjennom tida. I vår tid, hvor me står i eit særdeles dystert vegkryss, der homo sapiens er i ferd med innføre ei ny masseutryddinga på jorda.
Som ei preliminær bearbeiding av sorga rundt ei masseutrydding, inviterer Gn00r oss med i ei sonisk ferd gjennom erkjenning om at det er alt for seint å snu, og at vi må akseptere vår lagnad, og innsjå at vår tid komen; finn ditt indre lys.