FLOKJE

fredag 10. mars kl. 19:00 - 19:25 på Galleri 69

flokje

Lag stor nok manesje.

Ver raus

med mat og drikke og kroppsvarme.

Legg til rette for allsong.
I Flokje arbeider Klara Sofie med kombinasjon av måleri og fotografi. Ho målar på transparent plast som ho legg lagvis på bileta, og ho målar og teiknar også rett på bileta sine. I vidareføringa av dette målar ho på transparent film som ho framkallar saman med negativ og positiv film i mørkerommet. Ingebjørg arbeider med lyden av dialekta si. Ho leitar etter korleis desse lydane kan blandast med kvardagslege stemmelydar og absurd og meiningsberande tekst.

I framsyninga av Flokje vil publikum få oppleva bilete, video, tekst og lyd.

Klara Sofie har utdanninga si frå Kent Institute of Art and Design i England. Tallerkenverk var utstilt på Agatunet i 2016, og hausten 2017 stiller ho ut Å blåsa kvitt i Nordic House i Reykjavik. Klara Sofie har motteke arbeidsstipend frå Billedkunstnernes Vederlagsfond. Ingebjørg studerer no til master på Norges musikkhøgskole. Ho er medlem i Eplemøya songlag, og i vår turnerer ho med ensemblet Små Grå og forestillinga Kjemi.

http://klarasofie.com