Cuckoo (YT) + NeuteK DJ (UK), MIR Takeover

lørdag 15. februar - søndag 16. februar kl. 18:00 - 01:00 på MIR

Synthlegenden Cuckoo, som eigentleg bur på YouTube, fann vegen gjennom spegelen sin, via Lufthavna og inn på MIR, og gjer seg klar for å spele doble set på MIR. Bli med å feire det sprudlende album-nr-2-sleppet NOT POP. Med seg har han den Britiske DJ’en NeuteK, som Cuckoo har spurt spesielt om å grave fram musikk med sterk UK-identitet. Det blir både Grime, Garage og ting du ikkje visste fantes… men som finnes i UK.

18:00 Dørane opnar
19:30 NeuteK sweet opening set
20:30 Cuckoo OP-Z set
21:15 NeuteK UK set
22:15 Cuckoo Not Pop set
23:00 NeuteK Favourites

Plata NOT POP er gratis, og finst tilgjengeleg i nettbutikken til Cuckoo:
http://gum.co/notpop
Via Bandcamp:
https://truecuckoo.bandcamp.com
Og via YouTube Audio Library:
https://www.youtube.com/audiolibrary/ (søk på True Cuckoo i søkfeltet).