Avind konsert og feiring av singelslepp!

torsdag 30. november kl. 20:00 på MIR

Den 1. desember kjem den første singelen frå den komande plata vår. Det synest vi var på sin plass å feire, så vi håpar at de har lyst til å gjere nettopp det i lag med oss!

Avind spelar rett fram, gitarbasert indierock, men prøver å utfordre sansane ein gong iblant. Låtane er sett saman av små historier frå kvardagen, og er eit ærleg forsøk på å berre synge litt om vanlege ting som dei fleste opplever. Låtskrivar og vokalist Tonje Tafjord har arbeidd lenge med materialet til si første plate saman med bandet, og produsent Sjur Lyseid, og no er det på tide å vise fram litt av det!

cc. 120,- og kan kjøpast i døra. Vi sjåast!